Song: Elsk
Artist:  Arne Garborg
Year: 2013
Viewed: 34 - Published at: 5 years ago

Den galne Guten min Hug hev daara;
eg fanga sìt som ein Fugl i Snòra;
den galne Guten, han gjeng so baus;
han veit at Fuglen vil aldri laus.

Aa gjev du batt meg med Bast og Bende;
aa gjev du batt meg so Bandi brende!
Aa gjev du drog meg so fast til deg,
at heile Verdi kom burt for meg!

Ja kunde rett eg mi Runelekse,
eg vilde inn i den Guten vekse;
eg vilde vekse meg i deg inn,
og vera berre hjaa Guten min.



Aa du som bur meg i Hjarta inne,
du Magti fekk yvi alt mitt Minne;
kvart vesle Hùgsvìv som framum dreg,
det berre kviskrar um deg, um deg.
Um Soli lyser paa Himlen blanke,
no ser ho deg, det er all min Tanke;
um Dagen dovnar og Skùming fell:
skal tru han tenkjer paa meg i Kveld?

Um Vinden strid yvi Heidi susar,
det gule Haare ditt visst han krusar;
um Regne dryp med sin døyvde Graat,
so stakars Guten, no vert du vaat.

Aa berre Timane vilde skride,
og berre Dagane vilde lide!
Men eg vil kveda og vera glad;
for um Sundag kjem han, trala, trala!

( Arne Garborg )
www.ChordsAZ.com

TAGS :