Song: Veslemøy lengtar
Artist:  Arne Garborg
Year: 2013
Viewed: 43 - Published at: 2 years ago

No stend ho steller i Kjøken-Kraa,

ho Mor;

ho er so gamal, ho er so graa,

ho Mor.

Aa var eg Katten i mjuke Skinn,
som kjæle fær seg som Barne inn

til ho Mor.


Ho grev og putlar med Hit og Holk,

ho Mor;

ho lagar Mat til sitt Slaattefolk,

ho Mor.
Aa var eg Breitle-Brit svart og svær,
som kvar ei Kvilestund svalle fær

med ho Mor!


Ho gjeng paa Tun i den stille Gard,

ho Mor,

med kvike Sporv i sitt Fotefar,

ho Mor.

Aa var eg Sporven so glad og lett,
som høpp og dansar og sprett og skvett

um ho Mor!

Ho likar Soli paa skrukne Kinn,

ho Mor;

ho likar Havgùla sval og linn,

ho Mor.
Aa var eg Havgùla frisk og fri,
eg skulde svala mi heile Tid

um ho Mor.


Men Gikt ho fær, som i Ryggen flyg,

ho Mor,

naar Vinden kald gjenom Kjøken syg,

ho Mor,

Aa var eg Døri gamal og fæl,
eg tett meg stengde og livde vel

um ho Mor.




Eg veit so vel kva ho tenkjer paa,

ho Mor,
naar der ved Gruva ho mødd maa staa,

ho Mor.

So tidt ho gløymer sitt Træl og Mas
og stirer ut gjenom Kjøkenglas, —

gjer ho Mor.

Ho gløymer Stræv og ho gløymer Stell,

ho Mor,

og stirer upp mot dei ville Fjell,

ho Mor.

«Kor gjeng det Veslemøy, arme Ting,
som renne maa alle Berg i Kring?» —

spỳrr ho Mor.


Aa visste du, kor eg lengtar her,

du Mor!

Den brune Heidi, den fekk eg kjær,

du Mor!

Her gjeng eg ør millom aude Fjell
og græt meg i Svevn kvar einaste Kveld;

aa du Mor!


Og alt er framandt og nytt og vondt,

du Mor!

det stirer kaldøygt ikring meg rundt,

du Mor.

Her er kje Liv som eg fritt kann tru;
og ingin einaste er som du, —

du mi Mor!

Aa tru den Tidi fekk rundt seg snutt,

du Mor!

Eg reknar Time og kvar Minutt,

du Mor!

Aa kunde eg stige med Sjumils-Stig
og sitja ei ørliti Stund hjaa deg,

du mi Mor! —

( Arne Garborg )
www.ChordsAZ.com

TAGS :